Lise har laga sida te Sivle

 

Kårastova

Ein uforgløymeleg plass å oppleva ferien!

Velkomen til Sivle!

Kårastova på Sivle er nyrestaurert, huset er i frå om lag 1750.
Huset var opprinneleg ei tømrastova, som seinare vart påbygd og heva
i 2. høgda. Me har fått fram att ein del av dei gamle tømraveggane, slik at me viser det gamle kombinert med dagens standard.
Frå langbordet i stova kan du nyta eit fantastisk utsyn, med
Stalheimskleiva under og Stalheimsgrenda og Brandsetdalen midt i mot.
I fyrste høgda kjem du inn i ein romsleg gang, med skifer på golvet og med varmekablar. Kjøkkenet har fin innreiing med integrert
oppvaskmaskin og kjøleskap, og er godt utrusta med ymse dekketøy
og hjelpemidlar. Stova har langbord, vinkelsofa, og det er vedovn til å fyra i.
Badet har toalett, dusjkabinett og vaskemaskin, varmekablar i golvet.
I andre høgda er det 3 soverom, det raude rommet har ei 120 seng,
det blåe rommet har 1 enkelseng og 1 120 seng, og det grøne rommet
har 1 dobbelseng (150). På gangen er det skåp som gjestene kan nytta.
Soveromma har tilsaman 7 sengeplassar med gode madrasser. I tillegg
kan ein utvida med 2 sengeplassar i stova ( vinkelsofa ).


Ta kontakt på mail til Randi

Her er prisliste til å skriva ut eller lagra.

Stove

 

 

Stove

 

Kjøkken

Kjøkken/gang

Bad

Det raude rommet...

..og me har det grøne og det blaoe rommet....

Ein god plass å sova!

(og sengjene er berre soooooo gode!)