Sivle Gard og Stalheim Landskapspark inviterar
til Steif sundag 25. mai 2008. kl. 11.30, frammøte i tunet på Sivle.
Dette er 3. året at det vert skipa til Sivle-streif,
og det vert ei kulturvandring i Per Sivle sitt rike.

I år vert Streif vandringa noko annleis enn tidlegare.
Streifet startar i tunet på Sivle, der 4 lokale aktørar vil gje dykk ein flott Sivle konsert. Det vert song ved Ellen Marie Selland Geithung, hardingfelespel med Margunn Blikberg Norgård, diktlesing av Randi K. Giljarhus og historieforteljing med Randi Engelsen Eide. Konserten vart laga i høve 150 års markeringa av Per Sivle i fjor, og fortel om Per sitt liv frå vogge til grav. Er været bra, vil konserten verta ute, i tilfelle dårleg vær, vert konserten inne på låven.
Etter konserten vert det tur til husmannsplassen Naole.
I år som tidlegare år vert Birger Hylland med som naturlos.
Han er godt kjent i området, og vil fortelja om livet i Naole i gamle dagar.
Oldefar til Birger budde på husmannsplassen i Naole.
Nytt i år, er at me vil laga ein del spørsmål som ein skal svara på
undervegs. Svara vil verta retta ved retur til Sivle, og det vil verta
premiering.
Folk vert oppmoda til å ta med seg nista og drikka, for i år vert
det ikkje middagsservering.
Det vert sal av lappar og kaffi/te og saft for dei som ynskjer det.
Parkering på Stalheim ( nærast Brekkedalsvegen ) eller på Brekke,
i tunet på Sivle er det ikkje plass til bilar. ( Tek om lag 15.min å gå frå Stalheim til Sivle.)
Turen høver for heile familien, her er alle velkomne til Sivle – Streif.
HER er bilete frå tidlegare Streif!
Sivle Gard Stalheim Landskapspark