english version

 

 

Lise har laga sida te Sivle

 

Velkomne til Sivle gard!

Vakre naturopplevingar

i eit mektig fjell- og fjordlandskap!

AKTIVITETAR, nyhende og pressedekning Sivle gard finn du på eiga side

SISTE: Verdsarv-veitla og blotningskrossar

Natur og kultur hand i hand! Opplev dei på Sivle Gard!

Sivle er ein gamal verneverdig gard, som ligg på Stalheim.
Sivle gard kan tilby overnatting i gamle tradisjonsrike hus, av god standard,
nyta god heimalaga tradisjonsmat i unike bygningar.
Oppleva storslagen og mektig vestlandsnatur, og allsidig økologisk gardsdrift
med sauahald, høns og hest.

Råvarene som vert produsert på garden vil me foredla og nytta i servering på garden.

bringebær

Sivle gard er ein gamal brattlendt vestlandsgard, som høyrer til grenda Stalheim, i Voss kommune.
Far til vår kjente diktar Per Sivle, Eirik Sivle, var fødd på denne garden.
Per vaks opp på nabogarden Brekke, etter at mora hans døyde.

Garden ligg i Nærøydalen Landskapsvernområde, som er på UNESCO si verdsarvliste. Det er rik flora, fauna og eit mektig kulturlandskap. Stalheim og områda ikring har vore eit kjent turistmål sidan 1800-talet, og mange kjente kunstnara var tidleg ute og måla fine landskapsmåleri i dette området.

 

Medlem av:

Vossahuldrena

har eit prosjekt ilag, som dei kaller "Med Vossahuldrena frao gard til gard pao Voss."

"Ver med Vossahuldrena i leik og læring frå Bulken i vest til Stalheim i aust. Me tilbyr eit mangfald av opplevingar for både små og store. Kom og ver med på dronningbesøk i bigarden og slyng din eigen honning, ver med på ei litterær urtereise for gane og sinn på jordbruksskulen, ver med og lag ljos på Een, ver med og møt hest og andre dyr på Engjaland og tilslutt vandra i kulturhistoriske spor i Per Sivle si ånd."

Godkjent:

 

Vil du veta meir må du senda straumpost te ho Randi!