Sivle
var rekna for å vera ein tungdriven gard,
men hadde god fødnad (gode avlingar). Garden
ligg sørvendt til og det vert tidleg vår,
og det er god turk i bakkane.
På 1800-talet var Sivle kjend for å
vera ein god korngard, og her har alltid vore
drive allsidig gardsbruk med kyr, sau, geit og
hest.

Sivle
gard fotografert på slutten av 1800-talet
frå Kroklie
Under
Sivle låg fleire husmannsplassar, ein del
av dei er i dag sjølvstendige bruk.
I dag er det igjen to husmannsplassar som høyrer
til Sivle, det er Naole` og Hadlhustræet.
Hadlhustræet ligg ved Vinelva, der Sivle
har skogateig. Her ser ein framleis restar etter
grunnmurane.