Sivle
er ein gamal verneverdig gard, som ligg på Stalheim
ved Voss.
Sivle gard kan tilby overnatting i gamle tradisjonsrike
hus, av god standard,
du kan nyta god heimalaga tradisjonsmat i unike bygningar.
Oppleva storslagen og mektig vestlandsnatur, og allsidig
økologisk gardsdrift
med sauahald, høns og hest.
Råvarene
som vert produsert på garden vil me foredla og nytta
i servering på garden.
Sivle
gard har store utmarksressursar med løyve til småviltjakt
og storviltjakt,
som me kan tilby våre gjester om det er ynskjeleg.
På
garden er det fleire gamle fine laftahus, som er i nokolunde
bra stand.
Aorestova og gamlastova er bygt i lag, og er frå
om lag 1500/1600 talet.
Det er hovudhuset på garden.
Det er ei kårastova, som er frå 1700/1800
talet.
Bualoftet er nok frå om lag 1600 talet.
Alle husa har vorte kledd utvendig, og vorte restaurert,
modenisert etter dei ulike tidsepokane
I tillegg har det stått smia, fleire uteløer
og ein vårfjos på eigedomen, desse bygningane
er alle nedrivne. Den gamle driftbygningen vart rive i
1961, og same året bygde bestefaren min opp ein
ny driftbygning. Her har vore drive hovedsakleg med geit
og sau, og all hausting og transport vart gjort med hest.
Under
garden Sivle ligg husmannsplassen Naole, her budde det
folk fram til 1930.
Den gamle ferdslevegen til Jordalen gjekk igjennom tunet
på Sivle , forbi husmannsplassen Naole.
I dag er vegen ut i Naole restaurert, og er ein fin tur
i storslagen og mektig natur.
Garden har store utmarksbeite, støl i Berdalen,
fjellbeite og jaktrettar.
Garden overtok eg i 2003, etter dei forrige eigarane som
eigde ¼ del kvar. Garden har ikkje vore drive sidan
1974, jorda har vore bortleigd, og eigarane har etter
beste evne vedlikehalde husa.