Natur
og kultur hand i hand! Opplev dei på
Sivle Gard!
Sivle
er ein gamal verneverdig gard, som ligg på
Stalheim.
Sivle gard kan tilby overnatting i gamle tradisjonsrike
hus, av god standard,
nyta god heimalaga tradisjonsmat i unike bygningar.
Oppleva storslagen og mektig vestlandsnatur,
og allsidig økologisk gardsdrift
med sauahald, høns og hest.
Råvarene
som vert produsert på garden vil me
foredla og nytta i servering på garden.
bringebær
Sivle
gard er ein gamal brattlendt vestlandsgard,
som høyrer til grenda Stalheim, i Voss
kommune.
Far til vår kjente diktar Per Sivle,
Eirik Sivle, var fødd på denne
garden.
Per vaks opp på nabogarden Brekke, etter
at mora hans døyde.
Garden
ligg i Nærøydalen Landskapsvernområde,
som er på UNESCO si verdsarvliste. Det
er rik flora, fauna og eit mektig kulturlandskap.
Stalheim og områda ikring har vore eit
kjent turistmål sidan 1800-talet, og
mange kjente kunstnara var tidleg ute og måla
fine landskapsmåleri i dette området. |